Kampen om barnet (LK 22/10)

Kampen om barnet (LK 22/10)

For nokre år sidan var det ei stridskjempe og ein opprørar i den norske samfunnsdebatten som til ei avis skulle snakke om trua si og insisterte på at det måtte handle om barnetrua: “Barnetroen lever i meg til stadighet. I mine beste øyeblikk er jeg fire år.” Omtrent på same tida var det ein avdanka, men svært oppegåande politikar og tidlegare statsråd som i si julehelsing til medarbeidarane slo til lyd for at vi kanskje skulle vurdere ei nedre aldersgrense for dei fremste leiarane våre. Han foreslo at aldersgrensa burde vere 55 år, ja, kanskje bør dei ikkje vere under 60 - og utan ei øvre grense! Han grunnga forslaget sitt ved å vise til at noko hender med leiarar som kjem over i bestefaralderen (eller for den del bestemoralderen), og at synet på kva som er viktige saker å kjempa for, ofte blir prega av den nye nærkontakta med barnet. Realpolitiske målsettingar og konkurranseevne må vike plassen for mjuke verdiar og engasjement for miljøvern og oppvekstvilkår.

 

I eit samfunn som dyrkar det ungdommelege vågemotet og ser middelalderen som toppunktet i livssyklusen, vert alderdom fort jamgodt med eit omsorgsproblem. Eit anna utslag kan vere at barnet vert eit objekt for disiplinerings- og kontrollstrategiar, fordi vaksensamfunnet er oppteke av å forme det raskast muleg så det kan bidra til økonomisk og politisk vekst. Konkurransen med andre land om å ha dei flinkaste elevane og etter kvart mest effektive arbeidstakarane fortrengjer respekten for borna og deira rett til sin eigen barndom. På bloggen sin (http://www.pobrunstad.no) skriv Paul Otto Brunstad om vår tids omsorgstyranni som eit trugsmål mot barndommen. Faren er at all vår innsats med forsking, kartlegging og evaluering kan røve frå oss mysteriet, mangfaldet og det framandarta ved borna og dei unge.

 

Kanskje var Herodes si uro like irrasjonell som den som pregar vår tid?

Kampen om barnet har pågått i tusenvis av år. Juleevangeliet handlar om eit klimaks i så måte. Herodes allierte seg med dåtidas vitskap for å kartlegge eit muleg åtak på sin eigen suverenitet. Kva var han eigentleg redd for? Kanskje var uroa hans like irrasjonell som den som pregar vår tid? Vi vil gjerne vere indrestyrte og gjere våre val etter nøye veging av argumenta både for og mot, fordelar så vel som ulemper. Men når det røyner på i livet, er det ikkje sjølvsagt at vi blir meir rasjonelle og brukar meir krefter og omtanke på dei store avgjerdene enn dei kvardagslege små, og slett ikkje at vi tek sjølvstendige og moralsk ansvarlege val. Difor er det grunn til å stille spørsmål ved den praksisen som gjer at ei kvinne vert ståande så åleine om å avgjere lagnaden for livet ho ber på. I ein kronikk i Morgenbladet (“Alt ansvar alene”, 3.-9. desember 2010) peikar førsteamanuensane Sølvi Marie Risøy og Thorvald Sirnes på det paradoksale i at “mens medisinen på mange måter suger kvinnene inn i fosterdiagnostikken, blir de fullstendig overlate til seg sjølv når den store avgjørelsen om abort eller ikke skal tas.” Ultralyd ved 18. veke har status som obligatorisk selv om det er frivillig, og fosterdiagnostikken vert framstilt og forstått som omsorg heilt til ein finn avvik. Kronikken peikar på at kvinnas suverenitet over abortvalet er svært sårbar, og det same gjeld den derav utleidde politiske legitimiteten. Kvinna møter i utgangspunktet ein sterk medisinsk autoritet, men når avviket er oppdaga, og før avgjerda om abort er teken, skjer det ei normativ tilbaketrekkjing frå

fosterdiagnostikken vert framstilt og forstått som omsorg heilt til ein finn avvik

medisinens side, som implisitt seier at det som kjem, kan vere svært moralsk alvorleg. Her inntrer ein unntakstilstand som finn sitt motstykke i indre psykologisk kaos og krise hos kvinna. Og når så valet om abort er teke og den medisinske aborten gjennomført, vert ho tilrådd å halde det døde fosteret for å ta avskjed med det, og det vert lagt til rette for gravlegging på minnelund. Artikkelforfattarane peikar på at alt dette byggjer på utøving av ein bestemt fagleg dominans. Gjennom desse rutinane og rituala vert kvinna forvandla til ei mor som sørgjer over tapet av barnet sitt.

 

Den tvetydige og påstått verdinøytrale vegleiinga som den gravide kvinna vert utsett for, vitnar om at det ikkje er lova som regulerer fosterdiagnostikk og selektiv abort, men dei faktiske rutinane i helsevesenet. Ambivalensen ligg på eit djupare plan enn lovgjevinga og dreiar seg om grunnleggjande verdiar, ja, om menneskeverdet til barnet. Det enkelte liv har rett til å vere eit mål i seg sjølv og ikkje berre eit middel som skal sikre foreldra lykke, eller framtidig næringsverksemd og nasjonal produktivitet for den del. Når den einskilde kvinna vert overlaten til seg sjølv og må famle seg fram i eit ullent moralsk tussmørke, vitnar dette om at kulturen vår har kasta vrak på ufråvikelege absolutter. Når vi graderer menneskeverdet etter funksjonsevne, gir vi oss sjølve eit mandat som aldri var tiltenkt oss menneske, nemleg å rå over liv og død. Slik tiltek vi oss den same rolla som Herodes, og kanskje er det muleg å samanlikne hans frykt for tap av suverenitet med vår eiga?

 

Når vi graderer menneskeverdet etter funksjonsevne, gir vi oss sjølve eit mandat som aldri var tiltenkt oss menneske

Ved å bli eit lite barn vart Gud sjølv ei grense for livet. “Han kom og ble grense. Slik elsket han oss,” heiter det i Wera Sæther sitt dikt Livsvisdom. Det er når vi respekterer dei grenser Gud har sett for livet, vi finn meininga med det. Det er då vi også kan finne velsigninga på dei mørke og uventa stadene. Det høver i utgangspunktet svært dårleg med den moderne livskjensla når foreldre til born med Downs syndrom kan fortelje om kor mykje rikdom og velsigning som har følgt dette barnet. Med ståstad i den glade bodskapen om at Gud vart ein av oss, må vi kjempe mot den moderne oppfatninga av at verdien på livet vert avgjort av talet på kromosomane, våge å tale klart om og å setje grenser for kva liding kan fungere som legitimering av.

 

Jesus sa at det er “frå munnen på småborn og spedborn” lovsongen skal stige (Matt 21,15), og det er mykje som står på spel om vi ikkje let spedbarnet og småbarnet få vere eit mål i seg sjølv og respekterer at alle menneske har ein uavkorta rett til liv – frå start til slutt.

 

Juleevangeliet handlar i dobbel forstand om barnetru. Om tru på barnet. Om å tru som barnet. Ja, å gi rom for barnet. Om vi lever i denne barnetrua, er alle barn like verdifulle - skapte som dei er i Guds eige bilete.

 

JAN OTTO MYRSETH

jom@bkf.no

Øvrig innhold i LK 22/2010:

Olav Tveito: ”En gjenganger fra en svunnen tid” - skal vi beholde Bots- og bededag?

Jørund Midttun: Kyrie eleison, kirkens bønnerop

Harald Hegstad: Mer om den tolvte biskop

Bjørn Helge Sandvei: ”Se, Guds lam, som tar bort verdens synd”

Søndagsteksten

          3. sønd. e. Kr. åpenbaringsd.: Joh 4,46-54

          4. sønd. e. Kr. åpenbaringsd.: Matt 8,23-27

          5. sønd. e. Kr. åpenbaringsd.: Matt 13,24-30
Fra bispedømmerådene og Kirkedepartementet

Lese mer? Bestill abonnement ved å klikke her!

 

 
 | Powered by i-tools.no